Alliance Optikk Brilleglede Ålesund Alliance Optikk Brilleglede Ålesund
Meny

Lokale saker

En optikers hverdag-artikkel i Sykkylvsbladet

Gjevande å gi folk godt syn

I følgje tal frå Statistisk sentralbyrå, er det om lag 4000 sysselsette i Sykkylven. Men kva gjer dei på alle dei som gøymer seg bak statistikken? Optikar Marianne Hesvik er ei av dei.

Marianne Hesvik har jobba som optikar sidan 1991, og saman med to kollegaer starta ho i 1999 Alliance optikk Brilleglede på Åsetorget i Ålesund, og i 2006 opna dei avdeling i Sykkylven.

Alle aldersgrupper
Alliance optikk Brilleglede i Sykkylven er open tre dagar i veka, og vi er tre optikararar som vekslar på å vere her, i tillegg til to optikarassistentar. Eg synest det er triveleg å drive butikk i Sykkylven, og er glad for at bygdefolket viser at dei set pris på og er flinke til å bruke optikartilbodet som finst. I jobben min treff eg menneske i alle aldersgrupper, og alle dei hyggelege folka gjer livet mitt rikare, seier Hesvik.

Mastergrad
Optikarutdanninga si tok ho i Kongsberg.
Eg tok ein 3-årig bachelorutdanning ved Universitetet i Søraust-Noreg, som er den einaste skulen i landet som tilbyr denne utdanninga. Eg har vidare tatt etterutdanning innan kontaktlinser, og ein master i klinisk optometri for å lære meir om augesjukdommar, og korleis sjukdommar og medisinar elles i kroppen påverkar syn og auget generelt, fortel Hesvik, som sidan i vår har hatt tittelen spesialist i allmennoptometri.

Eit helsefag
Ho kan vidare fortelje at optikarfaget med åra har utvikla seg frå å vere eit handverk til å bli eit helsefag.
Vi er autorisert helsepersonell som er førstekontakt for dei som har problem med synet. Vi gjer då ei undersøking av syn og augehelse, ser om auga er friske og om der er behov for briller eller linser. For dei som ønsker å bli brillefri, så informerer vi om synskirurgi. Vi har også god kompetanse på tørre øyne med vurdering, og produkter for hjelp med dette.Ved mistanke om augesjukdom som krev behandling, som til dømes grå stær, grøn stær eller endringar i auget i forbindelse med diabetes, henvisar vi kunden vidare til augelege. Ein annan del av utdanninga er også å slipe, montere og tilpasse briller, men hos oss er det stort sett optikarassistentane som gjer dette, seier ho, og legg til at som optikar kan ein også jobbe til dømes ved augeavdeling på sjukehus, ved hjelpemiddelsentral, med synskirurgi, eller som seljar innanfor optisk utstyr.

Godt syn er viktig
Marianne Hesvik synest ho har ein spanande jobb, der det er viktig å klare å kommunisere godt med kundane for å få ei forståing av kva problem dei har og kva ho kan hjelpe dei med.
– Å gi andre eit godt syn med god synskomfort og gode løysingar er gjevande. Vi får 80 prosent av alle sanseinntrykk gjennom synet, så det er viktig å sjå godt.

Fleire og fleire tilbringer mange timer foran en skjerm i løpet av en dag, enten på arbeid, eller på fritida. Det kan gi trøtte, slitne og tørre auge, også hodepine og svimmelhet kan inntre. Heldigvis er dei nyaste brilleglasa tilpassa vår nye digitale kvardag, og teknologien gjer at brilleglasa blir bedre og bedre. På databrillene våre brukast et blåfilter som beskytter augene mot det kortbølga lyset som er i skjermane. Då blir det meir behagelig å sjå, både ved kontorarbeid og «gaming». Dei nyaste progressive glasa er også lettare å bruke. Det er gode moglegheiter for å finne gode løysingar, og synsrådgjeving bruker eg mykje tid på å gje til kundane våre. For å kunne oppretthalde ei god augehelse, er det viktig å få gjort ein sjekk minimum annakvart år, avsluttar optikar Marianne Hesvik.


Kategorier: Bildegalleri